Ledig stilling

Hovden Senior er eit fiskebåtrederi som held til i Kjødepollen i Stad kommune, lengst nord i Sogn og Fjordane, i Vestland Fylke.

Hovden Senior eig kystbåten MS Hovden Viking og har fiskerettar mellom anna på sild, makrell, sei og torsk.


Hovden Senior har eige kaianlegg i Kjødepollen, der også rederikontoret er.

22.10.2024


På leit etter spennande og utfordrande jobb på eit av kystflåtens fremste fartøy?


Rekrutteringa er god, og neste generasjon nytter høvet til å innta skipperstolen når muligheten byr seg. Det vert nokre år til før fast jobb i skipperstolen er aktuelt for Lars (8), og dagens skipper må nok ha avløysing før den tid.

Hovden Senior AS søkjer difor etter dyktig og engasjert skipper, for fast ansettelse ombord i MS Hovden Viking.

Hovden Viking er 46 x 12 meter, 1010 t., bygd i 2018 ved Larsnes Mek. Verksted.

Rolls-Royce design. Godt og variert kvotegrunnlag. Båten er ein del av referanseflåta til Havforskningsinstituttet, og har samarbeidsavtale med NOFO. Reiarlaget har heimehamn ved eige kaianlegg i Kjøde, i Stad Kommune, lengst nord i Vestland fylke.

 

 

Følgande krav må aktuelle kandidatar oppfylle:

  • Ein må ha nødvendige og gyldige sertifikat, kurs og helseattest for å tre inn i stillinga.
  • Kandidaten må ha relevant erfaring frå fiske med not og snurrevad.
  • Gode haldningar til og inngåande kjennskap til bruk av ISM-koden.
  • Stort engasjement for drift og vedlikehald av fartøyet.
  • Personlige eigenskapar: strukturert, pålitelig og nøyaktig.
  • Gode leiareigenskapar
  • Kandidaten må snakke flytande norsk og ha bustadadresse i Norge. 

 

For rett kandidat kan vi tilby:

  • Konkuransedyktige betingelsar og friordning.
  • Behandlingsforsikring.
  • Høg standard på båt, bruk og utstyr.
  • Dyktig mannskap med lang erfaring.
  • God administrativ støtte frå eit rederi som er solid, langsiktig og ambisiøst.
  • Ccom sikkerhetsstyringssystem.
  • Tilrettelegging for overgangsperiode saman med erfaren skipper etter behov. 

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar i Hovden Senior AS,
Ole Theodor Hovden, via e-post: kontor@hovdensenior.no eller telefon 917 91 285. 


Søknad sendast til kontor@hovdensenior.no innan 10.11.2024

Oppstart etter avtale, 1. kvartal 2025.